1 Retten er driven tilbake,
rettferda står langt borte.
For sanninga har snubla på torget,
og det som er rett, kjem ingen veg.
15 Sal 12,2; Hos 4,1 Sanninga er borte,
den som vender seg frå det vonde, blir plyndra.
Herren såg det, og det var vondt i hans auge,
for det fanst ingen rett.
16 Sal 98,1; Jes 63,5 Han såg ikkje nokon som kom til hjelp,
han undra seg over at ingen greip inn.
Men hans arm gav han siger,
hans rettferd støtta han.
17 Job 29,14; Ef 6,14ff; 1 Tess 5,8 Han kledde seg i rettferd som brynje
og sette frelses hjelm på hovudet.
Han kledde seg i hemnens drakt
og sveipte om seg
lidenskapens kappe.
18Som gjerninga er, slik gjengjelder han:
harme mot motstandarar,
gjengjeld mot fiendar,
mot fjerne kystar gjer han gjengjeld.
19 30,27.33; 45,6; Mal 1,11 Dei skal frykta
Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
Herrens ande driv han fram.
20 1,27; Rom 11,26 Ein som løyser ut, skal koma til Sion,
til dei hos Jakob som vender om frå synd,
seier Herren.
21 51,16; Jer 1,9 Dette er mi pakt med dei, seier Herren:
Min Ande som er over deg,
og mine ord som eg har lagt i din munn,
skal ikkje vika frå din munn
og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine,
seier Herren,
frå no og til evig tid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.