1 Herrens ord kom til meg:
2Du menneske! Så seier Herren Gud til Israels land:
Enden kjem! Enden over dei fire verdshjørna.
3No er enden over deg.
Eg sender min vreide mot deg.
Eg dømmer deg for di ferd
og gjev deg att for alle dine avskyelege gjerningar.
4Eg viser inga medkjensle
og sparer deg ikkje.
Du skal få att for di ferd,
og dei avskyelege gjerningane dine
skal koma over deg sjølv.
Då skal de kjenna at eg er Herren.
5Så seier Herren Gud:
Ulukke, ei ulukke utan like!
Sjå, ho kjem.
6Enden kjem, ja, enden kjem,
han vaknar mot deg. Sjå, han er her,
7 lagnadstimen kjem over deg som bur i landet.
Tida er komen, dagen er nær!
Forvirring rår, og ikkje eit glederop lyder over fjell.
8No, snart, auser eg harmen min ut over deg
og fullfører vreidedommen.
Eg dømmer deg for di ferd
og gjev deg att for alle dine avskyelege gjerningar.
9 Dei blæs i horn og gjer alt klart,
men ingen dreg ut i krig.
For harmen min går ut over heile flokken.
15Ute herjar sverdet, inne rår pest og svolt.
Den som er på marka, må døy for sverd,
og den som er i byen, han skal svolt og pest fortæra.
16Dei som slepp unna, flyktar til fjells,
som duer frå dalane.
Dei skal alle klaga,
kvar for si eiga synd.
17Alle hender heng slappe,
og alle kne blir som vatn.
18 Dei bind sekkestrie om seg,
dei er kledde i redsle.
I alle andlet er det skam,
og alle hovud er glattraka.
19 Sal 49,7f; Ordt 10,2; 11,4; Sef 1,18 Dei kastar sølvet på gata
og reknar gullet som noko ureint.
Verken sølvet eller gullet kan berga dei
på Herrens vreidedag.
Det stiller ikkje tørsten,
det fyller ikkje magen.
Men det har fått dei til å falla i synd.
20I sitt hovmod har dei teke sine staselege smykke
og laga seg avskyelege og motbydelege gudebilete av dei.
Difor gjer eg det ureint for dei.
21Eg gjev det som rov i framande hender,
til bytte for dei lovlause på jorda,
og dei skal vanhelga det.
22Når eg vender andletet bort frå dei,
skal dei vanhelga min dyre skatt.
Røvarar skal bryta seg inn og vanhelga han.
23Lag lenkjer! For landet er fullt av drapssaker,
og byen er full av vald.
24Eg lèt dei verste folkeslaga koma og ta husa deira.
Eg gjer ende på hovmodet til dei sterke,
og heilagdomane deira skal vanhelgast.
25Redsla kjem,
dei søkjer redning, men finn henne ikkje.
26 Job 1,14ff; Mi 3,6; Mal 2,7 Ulukke følgjer på ulukke,
rykte på rykte kjem opp.
Dei skal søkja syn hos profeten,
det blir slutt på rettleiing frå presten
og på råd frå dei eldste.
27Då skal kongen sørgja,
fyrsten skal kle seg i redsle,
og folk skal skjelva på handa.
Eg vil gå fram mot dei slik dei sjølve har gått fram,
og dømma dei slik dei sjølve har dømt.
Då skal dei kjenna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.