Matteus 24 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus talar om tidene som skal koma(Kap. 24–25)Tempelet skal øydeleggjast(Mark 13,1–2; Luk 21,5–6)

1Så gjekk Jesus bort frå tempelet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.

2Når de då ser at det motbydelege som øydelegg, som profeten Daniel har tala om, står på heilag stad – lat den som les opp, tyda det!

16– då må dei som er i Judea, rømma til fjells;

17den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;

18og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.

19Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!

20Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat!

21Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.

33Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.

3416,28Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.

35Jes 40,8; 51,6; Matt 5,18Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

36Apg 1,7; 1 Tess 5,1fMen den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

Vak(Luk 17,26–27.34–35; 12,39–46)

37 1 Mos 6–8 Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

38I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,

392 Pet 3,6og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.

40Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.

41To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.

42 25,13; Mark 13,35 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

431 Tess 5,2ff; 2 Pet 3,10; Op 3,3; 16,15Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset.

44Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

45Kven er den trugne og kloke tenaren som herren har sett over tenestefolket sitt for å gje dei mat i rett tid?

46Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!

4725,21.23Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig.

48Men set at det er ein dårleg tenar som seier til seg sjølv: ‘Herren min dryger nok lenge enno’,

49og så tek til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar.

50Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av,

518,12+og hogga han ned og la han få dela lagnad med hyklarane. Der skal dei gråta og skjera tenner.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help