1 Herrens ord kom til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av eit vaketre.»
12Då sa Herren til meg:
Frå nord skal ulukka hellast ut
over alle som bur i landet.
15 39,3; 52,4f For no kallar eg på alle kongeslektene i nord,
seier Herren.
Dei skal koma og reisa kvar si trone
ved Jerusalems portopningar,
mot alle murane ikring
og mot alle byane i Juda.
16 2,13; 7,9; 11,12f; 19,4.13; 32,29; 44,3f.8 Då vil eg seia min dom over dei
for all deira vondskap,
dei som forlét meg,
tende offereld for andre gudar
og tilbad verk av eigne hender.
17Men du skal spenna beltet om livet,
stå fram og seia til dei
alt det eg byd deg.
Ver ikkje redd dei,
elles slår eg deg med redsle for dei.
18 15,20; Esek 3,8f Sjå, eg gjer deg i dag til ein festningsby,
til ei jernstøtte og ein bronsemur
mot heile landet,
mot kongane i Juda, mot leiarane og prestane
og folket i landet.
19Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna.
For eg er med deg,
seier Herren.
Eg skal berga deg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.