Forkynnaren 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Alt har si tid

1Alt har si tid,

det er ei tid for alt

som hender under himmelen:

2ei tid for å fødast, ei tid for å døy,

ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,

3ei tid for å drepa, ei tid for å lækja,

ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja,

4ei tid for å gråta, ei tid for å le,

ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa,

5ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar,

ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera,

6ei tid for å leita, ei tid for å mista,

ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta,

7ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop,

ei tid for å teia, ei tid for å tala,

8ei tid for å elska, ei tid for å hata,

ei tid for krig og ei tid for fred.

9 Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si tid.

Ja, alle tider har han lagt i hjartet deira.

Likevel kan ikkje mennesket fatta det Gud har gjort

frå den første tid til den siste.

12 2,24+ Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og nyta det gode i livet.

13 5,18 For når eit menneske får eta og drikka

og har glede av alt han eig,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Sal 33,11 Eg skjøna at alt Gud gjer,

står gjennom alle tider.

Ingen kan leggja noko til,

og ingen kan trekkja noko frå.

Gud har gjort det slik

for at menneska skal ha ærefrykt for han.

15 1,9 Det som hender, har hendt før,

og det som skal henda, har òg hendt.

Gud søkjer opp att det som kvarv.

Alle går til same staden

16 4,1 Vidare såg eg under sola:

På rettens stad rådde uretten,

der rettferd skulle rå, rådde uretten.

17 Ordt 11,31 Då sa eg til hjartet mitt:

Det er Gud som skal dømma

den som gjer rett og den som gjer urett.

Ja, han har fastsett ei tid

for alle ting og for alt som blir gjort.

18I hjartet mitt sa eg om menneska:

Gud prøver dei så dei sjølve kan sjå

at dei er som dyr.

19 Sal 49,13 For det går slik med mennesket

som det går med dyra,

den eine som den andre:

Begge skal døy,

same livsanden har dei alle.

Mennesket har ingen fordel framfor dyra.

For alt er forgjengeleg.

20 1 Mos 2,7; 3,19; Job 34,15; Sal 104,29; Fork 12,7 Alle går til same staden.

Av støv er alle komne,

og til støv skal dei bli på nytt.

21Kven veit om menneskeånda stig opp,

medan dyreånda fell mot jorda?

22 2,24+ Eg såg at ingen ting er betre enn at mennesket

finn glede i gjerningane sine;

dette er delen det har fått.

For kven lèt mennesket sjå

det som sidan skal koma?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help